Nytt vedlikehaldsdepot gir 100 arbeidsplassar til Rygge, nrk.no

[…] Tidlegare i år blei det kjend at USA investerer 2 milliardar kroner på Rygge flystasjon.

Dei to amerikanske milliardane skal blant anna bli brukt til å byggje fire hangarar for kampfly, lagerhallar, auke i kapasitet for ammunisjonslagring og betre tryggleik rundt flystasjonen.

Prosjektet blei mogleg på grunn av ein tilleggsavtale om forsvarssamarbeid mellom Noreg og USA. Avtala legg til rette for amerikanske investeringar i infrastruktur på avtalte område.

Desse områda er Rygge, Sola og Evenes flystasjonar, og Ramsund orlogsstasjon. Läs artikel