Gir USA tilgang til åtte nye basar, klassekampen.no

Norske og amerikanske styresmakter har blitt einige om å gi USA sitt militære eksklusiv bruksrett inne på åtte nye militærbasar i Noreg. […]

Med denne utvidinga vil USA også ha eksklusiv tilgang til eigne område inne på dei militære anlegga på Andøya, Ørland, Haakonsvern, Værnes, Bardufoss, Setermoen, Osmarka og Namsen.

Kritikarane fryktar at avtalen vil bryte med norsk lov, som seier at vi ikkje skal ha «framande makters stridskrefter på norsk territorium» i fredstid, eller atomvåpen og kjernevåpen på norsk territorium. Regjeringa seier derimot at USA pliktar til følgje norske reglar. Dette baserer seg på ein gentlemans agreement, altså tillit. […]

Samtidig er det uklart kor mykje makt USA faktisk har over desse områda. I avtalen står det at USA kan sette ­avtalen til side «der det ikkje er i samsvar med amerikanske tenestlege behov». Det vil seie at amerikanske ­operative omsyn kan trumfe norsk kontroll.

– Kven avgjer når reglane ikkje lenger er foreinlege?

– Det er USA, og som alle andre statar i verda, følgjer dei først og fremst sine eigne nasjonale interesser, seier Heier. […]

Forsvarspolitisk talsperson i Raudt, Bjørnar Moxnes, kallar tredoblinga av USA-tilgang for uklok, farleg og hovudlaus. Han seier Noreg gir frå seg suverenitet, samtidig som vi gjer Norden til eit høgspenningsområde.

Moxnes seier at utvidinga er så inngripande i norsk suverenitet at det trengst tre firedels fleirtal i Stortinget for å bli vedtatt. Raudt får støtte frå SV som også meiner avtalen krev kvalifisert fleirtal.

– Dette er ein farleg strategi. Det svekker norsk suverenitet og råderett over norsk jord ved å gi eksklusiv tilgang til område i Noreg. Det gjer oss meir sårbare i stormaktsrivalisering, seier forsvarspolitisk talsperson, Ingrid Fiskaa. Läs artikel