Ei lukke at Langtidsplanen ikkje vart handsama i vår, nye-troms.no

Liv Signe Navarsete (Sp), stortingsrepresentant og medlem av Utenriks- og forsvarskomiteen

Berre kort tid etter at Langtidsplanen for Forsvaret skulle ha vore ferdig handsama og vedtatt i Stortinget, kom beskjeden om at US Marines reduserer frå 700 til 20 soldatar på norsk jord. Det at ein samla opposisjon sende Langtidsplanen attende til regjeringa gir oss ei moglegheit til å ta ansvar og gi Forsvaret den styrkinga som trengs.

Senterpartiet har lenge peika på kor viktig det er at Noreg tek større ansvar for norsk sikkerhet. Dette meiner me på bakgrunn av ein forverra sikkerhetspolitisk situasjon i våre nærområde og fordi ein over lang tid har fått signal om eit vesentleg auka forsvarsfokus på Kina og Stillehavsområde frå USA si side. […]

Sjefen for det amerikanske marinekorpset har nylig skildra den største organisasjonsendringa marinekorpset har sett i nyare tid. Fokuset skal bort frå vedvarande landstrid og US Army skal overta avgjerdene landoperasjonar. US Army er tunge mekaniserte styrkar som ikkje flyttar seg i nærleiken like fort som US Marines. Fram til no har US Marines kanskje vore den viktigaste og mest konkrete forsterkninga av Noreg i krise og krig. For Noreg betyr dette heilt konkret at me må halde ut lengre sjølv, før me får hjelp frå allierte.

Dette er sjølvsagt ei uheldig endring for Noreg sin del, men det syner kor mykje det hastar med å styrke Forsvaret vårt. Läs artikel