Forskar meiner Noregs deltaking i militærøving i Barentshavet var uheldig, highnorthnews.com

Det sikkerheitspolitiske landskapet i Arktis er i endring. I dei siste tiåra har Arktis vore eit område med låg spenning mellom stormaktene. Men no aukar den militære aktiviteten frå fleire hald i regionen.

For nokre veker sidan deltok Noreg saman med NATO-landa Storbritannia, USA og Danmark i ei maritim militærøving i Barentshavet. Sjølv om øvinga gjekk føre seg i internasjonalt farvatn utanfor Fiskerhalvøya, er dette russisk eksklusiv økonomisk sone. For Russland har dette området høg strategisk tyding då den russiske nordflåten held til rundt kystlinja til Kolahalvøya, og det russiske forsvarsdepartementet lagrar atomvåpen i regionen.

Styresmaktene valde å delta i øvinga sjølv om Generalløytnant Rune Jakobsen, sjefen for det operative hovudkvarteret til forsvaret (FOH) ikkje tilrådde det.

Orlogskaptein og PhD-stipendiat, Tor Ivar Strømmen ved Forsvarets høgskole seier til High North News at Noregs avgjerd om å delta i øvinga i Barentshavet saman med USA, Storbritannia og Danmark i september var uheldig.

Var det klokt av styresmaktene å gå imot Sjef FOHs tilråding?

 Eg fryktar for at det strategiske bilete og heilskapstenkinga som må ligge til grunn korkje er forstått eller noko regjeringa faktisk reflekterer djupt kring. Ser me kva dei seier – så blir inntrykket av manglande geostrategisk, strategisk og militærstrategisk forståing slett ikkje meir tillitsvekkande. Det kjem ingen refleksjonar kring balansegangen fram i deira forklaringar og påstandar. Läs artikel