Fanga i Nato-føydalismen, Oddbjørn Magne Melle professor emeritus i historie, Klassekampen

I 1949 slutta Noreg seg til Atlanterhavspakta (A-pakta), forløparen til Nato. To stortingsrepresentantar som stilte seg kritisk til det, var Høgres formann Carl Joachim Hambro og Olav Oksvik frå Arbeidarpartiet (Ap). Kva var samnemnaren for at dei, frå så ulike parti, likevel kom til å stå kvarandre nær som Nato-motstandarar? Svaret er å finne i formuleringa nasjonal suverenitet – som sams overideologi.

Det høver å starte med Hambro-sitatet som Høgrefolk aldri siterer. Det er frå året etter at Noreg underteikna A-pakta: [Vi har fått] «en ledelse av vår utenrikspolitikk som ligger utenfor landet og landets grenser.» Hambro hadde òg eit skjerpande tillegg: Med støtte frå andre representantar gav han det råd at Noreg i Nato skulle «møte opp med en mistenksom aktpågivenhet også overfor våre allierte». Det er eit poeng at Hambros ord fall i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomiteen der det var referatforbod. Dei sensasjonelle orda nådde ikkje folkeopinionen.

Formuleringa «Nato-føydalismen» kan vel provoserer dei som sakralisererer alliansen som ankerfestet for norsk tryggingspolitikk, men den har dekning i internasjonal allianseforsking, der to termar blir brukt: entrapment og abandonment. Fellesingrediensen er frykt. Det første ordet indikerer frykt for dei bindingar som kan ligge i å bli fanga i ein stormaktsallianse, ein asymmetrisk maktrelasjon, der småstaten har minimal innverknad og må innordne seg større statars politikk. Høgremannen Hambro hadde dessutan lite til overs for marknadsføringa av Nato som ’demokratienes allianse’, det Ap-leiinga køyrde fram som lokkevimpel for tilslutning. Läs artikel

Artikeln publicerad i Klassekampen 8 maj 2017