9. april er ingen dato, document.no

Ut på ettermiddagen laurdag 13. april 1940 går eit sørgjetog gjennom Bergens gater. Eit orkester speler sørgjemarsj. Bårene blir køyrde sakte frå Haukeland sjukehus, ned Ibsens gate, så Bjørnsons gate og deretter ein liten stubb på Camilla Colletts gate før dei følgjer Fabrikkegaten siste stykket til Solheim gravplass på Minde, rett sør for Bergen sentrum.[…]

Fredstanken var ikkje berre partipolitisk. Halvdan Koht var også inspirert av Bjørnstjerne Bjørnson, den store landsfader. Det sjølvstendige Norge skulle ikkje blande seg i stormaktspolitikken. Vår misjon skulle vere fred og dialog. BB stifta Norges Fredslag. Arbeidarpartimann, historikar og utanriksminister Koht tok opp arven, og var difor oppteken av både klassekamp og nasjonsbygging. Slik ideologisk tenking tok han med seg inn i tallause fredsinitiativ.

Resultatet var som Undersøkelseskommisjonen (av 1945) skriv: [Det var en] «kjensgjerning at i Norge var store lag av folket som stod i et klart motsetningsforhold til et virkelig forsvar, noen på et rent prinsipielt pasifistisk grunnlag, andre på det mer praktisk betonte «hva kan det nytte», og atter andre fordi de mente at forsvaret kunne bli brukt i et indre oppgjør».1

1940 blei eit nederlag for dette. Den grå og regntunge gravferda i Bergen 13. april skulle blitt den endelege kvile for slik naivisme. Läs artikel