Utsending av norske soldatar til terrorherja Mali utsett, vl.no

Då Frankrike og Mali spurde om norsk bidrag til Takuba i januar i fjor, kom Solberg-regjeringa fram til at svaret blei nei. For det var ikkje fleirtal i Stortinget for å sende ein større norsk styrke, 100-120 soldatar, til Mali. Men då styrken blei kraftig redusert, og innlemma i det svenske bidraget til Takuba, snudde Ap og støtta Mali-oppdraget. […]

– Er det lurt av Norge å sende soldatar dit?

Tor Arve Benjaminsen, professor ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og ekspert på jihadist-opprøret i Mali, svarar Vårt Land:

– Eg er i tvil, men utanlandske soldatar til Mali kan ha noko for seg, dei kan betre tryggleiken. Men løysinga er ikkje militær. Freden i Mali blir vunnen ved forhandlingsbordet, ikkje på slagmarka. Men så lenge Frankrike seier nei til forhandlingar med opprørarane, blir ikkje dette alternativet prøvd ut.

Frankrike har sidan opprøret starta i 2012 hatt store styrkar i Mali, men har ikkje evna å vinne militær kontroll. […]

I juli opplyste FD at dei norske soldatane skal «være på plass i Mali i løpet av høsten, og trekkes tilbake sammen med den svenske styrken i 2022». Hausten er bak oss og snart er det 2022 – og ingen norske soldatar har landa i Mali. FD forklarar i ein e-post til Vårt Land kvifor:

«I påvente av enighet med maliske myndigheter om en avtale som gir det norske personellet tilstrekkelig rettslig vern er det norske bidraget p.t. ikke deployert.» […]

– Kven er opprørarane, Benjaminsen?

– Dei er for det mest bønder og nomadar frå nord som kjenner seg urettvist handsama av ein korrupt elite i Bamako, medan leiarane er valdelege jihadistar. Läs artikel