Et resultat av en årelang prosess, derimot.no

William Scott Ritter Jr, tidligere FNs våpeninspektør i Irak

Relasjonane mellom USA og Tyskland lar seg ikkje reparere etter fleire tiår med samanstøytar om synspunkt og idear. Troppeuttrekking er berre eit symptom. […]

Men sanninga er at denne avgjerda har vore i kjømda lenge; den har ikkje røtene sine verken i nokon slags personleg animus hos president Trump eller i USA sin styrkeomplasseringsstrategi.

Krisa vi no ser kjem frå ein større dysfunksjon i forholdet mellom USA og Tyskland som har vore til stades i fleire tiår, driven av ibuande inkompatible verdssyn og verdisystem, og den uunngåelege samanstøyten mellom US-amerikansk eksepsjonalisme og tyske ideal basert på prinsippet om europeisk suverenitet. […]

Sjølv om Tyskland stod bak USA etter terroråtaka den 11. september («9/11»), så strekte ikkje denne støtta seg så langt som til å omfatte USA si avgjerd om å invadere Irak i 2003; dei gjenstridige tyskarane fekk dåverande utanriksminister Donald Rumsfeld til å bryte ut, nedsettande, at Tyskland var ein del av «Det gamle Europa».

Gerhard Schröder, som tente som tysk kansler frå 1998 til 2005, arbeidde for nærare relasjonar med Russland, særleg på energi-feltet, noko som sette sinna i kok hos styresmaktene i USA.

Då Barack Obama vart president i 2009 trudde mange tyskarar han representerte starten på ein ny æra med betra relasjonar som kunne sameinast om sams ideal og verdiar, berre for å bli skuffa av det faktumet at problema i forholdet mellom USA og Tyskland var større enn éin mann aleine. Läs artikel