Det må vera rom for fleire syn om krigen i Ukraina, aftenbladet.no

Leiv Olsen, Stavanger

Dominerande medium hevdar at enten kjempar ein for fullstendig seier for Ukraina, inntil Krim er gjenerobra, og der Ukraina får dei våpena dei ber om – eller så opptrer ein som støttespelar for Putin. Andre meiningar blir ikkje tolte.

Det finst nokre få som meiner at USA og Nato har skulda for det russiske angrepet. Dei er ikkje mange.

Men me er mange som kritiserte innringinga av Russland som USA med Nato dreiv fram i åra etter Berlinmurens fall, og som meiner at denne kritikken står seg godt. USA fekk allierte og basar nærmare og nærmare dei russiske grensene. Det toppa seg med kravet om at Ukraina, med Krim skulle inn i Nato. Ein blind kunne sjå at denne politikken måtte oppfattast som farleg og utoleleg, sett med russiske auge. Men alle motførestillingar blei avfeia. Resultatet var at spenninga auka.

Dette unnskylder ikkje det russiske angrepet på Ukraina. Men det var å leika med elden. Läs artikel