Frå NATO-forsvar til norsk-amerikanske bombekrigar, smp.no

Anders M. Andersen, Nedstrand

[…] Basane på flyplassane Sola, Rygge, Evenes og marinebasen Ramsund ved Narvik skal bli fast militært USA-område med amerikansk personell, amerikanske fly, skip, bomber og utstyr. Norsk lov og rett skal ikkje gjelda på området. USA får rett til å bruka makt mot norske statsborgarar på norsk jord. Dette står i avtalen. Det liknar hersetjing, okkupasjon. Stikk i strid med avtalen påstår talsmenn for regjeringa og Ap at dei skal ha full kontroll med basane. […]

Stortinget kan og må stoppa denne drastiske endringa av norsk utanriks- og forsvarspolitikk. Til det trengst klokare og sterkare folk på Stortinget enn dei som sit i regjeringa. Läs artikel