Bygg Forsvaret – styrk verneplikta! nordnorskdebatt.no

Bjarne Rohde, fylkesleiar i Troms og Finnmark SV

Frå fleire hald har det komme bekymring for personellsituasjonen i Forsvaret; spesialistar sluttar mykje tidlegare enn Forsvaret ønsker, det trengst meir teknisk personell, befal og offiserar, og Heimevernet bør bli større. Det einaste som kan erstatte styrking av verneplikta er ei heilprofesjonalisering av Forsvaret. Det bør verken folk eller Forsvaret sjølv ønske seg.

Grunnlaget for å løyse fleire av utfordringane i Forsvaret er å styrke verneplikta. Den såkalla “styrkebrønnen” må vera tilstrekkeleg djup, og med nok friskt vatn for å sikre all slags personell i Forsvaret. Reservistar, særleg i Heimevernet, har også ein betydeleg sivil kompetanse som Forsvaret og beredskapen i Noreg har bruk for, noko som vil bli borte med ein heilprofesjonell styrke. Läs artikel