Forsvaret i nord, nordnorskdebatt.no

Magne Reigstad, pensionert läerer

Mange skribentar etterlyser større løyvingar til forsvaret i nord, og politikarar frå dei fleste parti er einige om at det må ei større satsing til for å byggja opp eit truverdig nasjonalt forsvar. Forsvaret i nordområda er retta mot Russland, og i den kalde krigen var dette ei prioritert oppgåva både politisk og militært. Politisk kom Noreg med garantiar til Sovjet slik at dei skulle få ei forsikring om at Noreg ikkje hadde offensive planar. Dei ståande styrkane i Finnmark var små, og viktigast av alt: Noreg og dei alliert skulle ikkje øva aust for Hammerfest. Dette var ein garanti for at Sovjet ikkje skulle sjå på landet vårt som ein potensiell fiende, og for at me aksepterte at Sovjet bygde opp dei store basane på Kola. Det låg ei gjensidig forståing av  forholdet mellom landa til grunn for dette. Det skapte ein balanse som i dag er øydelagt av at USA og Nato øver nær opp til russiske område i Barentshavet. […]

Den siste tidaer presset mot Tromsø for å ta i mot atomubåtar nok eit bevis på at norsk sikkerheitspolitikk ikkje har tillit i nord. Slike hamner blir fort ein base for båtane, og med det er erklæringa om ikkje å ha A-våpen på norsk jord i fredstid historie. Dette gjer Tromsø til eit svært utsett mål i framtidige konfliktar, og det legg landet vårt opent for angrep med A-våpen. Folk her nord ser klart den skilnaden det er mellom nord og sør når det gjeld haldninga til Russland. Her er folk opptekne av at me skal ha eit godt forhold til Russland, og utvida det fredelege samarbeidet innan kultur og næringsliv. Slik norsk forsvars- og sikkerheitspolitikk verkar i dag fører den til auka usikkerheit. I eit langsiktig perspektiv må Noreg alltid ha avspenning og eit godt naboskap med Russland som overordna mål. Läs artikel