Vil ikkje lenger ut av Nato, klassekampen.no

Kva betyr sosialisme i 2022? SV-nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes trur han har svaret – og det handlar ikkje om Karl Marx.

I forslaget til nytt prinsipprogram for SV står det ikkje lenger at partiet skal jobbe for å melde Noreg ut av Nato. No står det at «Norge bør bruke sin posisjon til å gjøre NATO til en ren forsvarsallianse».

Eg meiner at det å ha ei setning om å skulle melde Noreg ut av Nato i dag, blir feil. Det finst ikkje noko alternativ til Nato no, seier SV-nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes.

Han har leia arbeidet med å forme ut nytt prinsipprogram for SV. I programmet står det og at SV vil jobbe for at Nato ikkje skal etablere militære basar i andre land, og at dei ikkje skal ha atomvåpen som ein del av strategien sin.

SV vil altså prøve å påverke Nato innanfrå, men ikkje melde Noreg ut av alliansen. […]

Fylkesnes seier at det er kombinasjonen av krigen i Ukraina, og det at Finland og Sverige ønskjer Nato-medlemskap, som gjer at partiet no forandrar politikken sin.

– Nato har ikkje vorte betre. Det som har skjedd i kjølvatnet av krigen i Ukraina, er at vi ser framveksten av eit autoritært naboland, og at Sverige og Finland er på veg inn i Nato. Det gjer at vårt alternativ om å byggje ein nordisk forsvarsallianse på utsida av Nato ikkje lenger er eit alternativ. Dermed så er vår kritikk av Nato den same, men vår strategi må endre seg. Läs artikel