Vi som elska NATO, synogsegn.no

Heming H. Gujord, professor i nordisk litteratur, Universitetet i Bergen

Det er krig i Europa, og NATO er ei soge om suksess. Det første er eit faktum, og det andre er ein påstand. Kommentariatet taler med ei røyst. Og spelar det eigentleg noka rolle om utanriksministeren kjem frå Høgre eller frå Arbeidarpartiet? Ine Eriksen Søreide er nok meir veltalande enn Anniken Huitfeldt. Men når det kjem til spørsmål om EU og NATO, stoppar forskjellane. I Stortinget 22.3.22 berømma utanriksminister Huitfeldt valet som stortingsfleirtalet gjorde i 1949. Det var eit val «som seinere generasjoner skulle ta som en selvfølge, men den gangen så var det ingen selvfølge. Det var krevende valg i datidas krevende politiske landskap». Ho åtvara mot å ri kjepphestar i ei tid når det er krig i Europa. Men kven er det eigentleg som rir kjepphestar? Kjepphesten til Anniken Huitfeldt er så stor at ho ikkje kan sjå han sjølv. Når alle som har makt, er einige, så er det ikkje eingong nødvendig å bruke hersketeknikkar. Läs artikel

Läs även kommentar av Anders Björnsson till diskussionerna i slutet av 1940-talet om förhandlingar om ett skandinaviskt försvarsförbund.