Avlyser Nato-krigen i SV, klassekampen.no

Stein Ørnhøi har i ein mannsalder fronta SVs tryggingspolitikk, der motstanden mot Nato har stått sentralt. Denne hausten er SV i ferd med å snu i det som gjennom 60 år har vore ein hjartesak. […]

Også neste år har 87-åringen tenkt seg på landsmøte, og denne gongen kjem han til å heie på den delen av partiet som ønskjer å fjerne formuleringa i prinsipprogrammet som seier at SV skal jobbe for å melde Noreg ut av Nato.

– Eg har meint i veldig mange år at Nato er eit stort tryggingspolitisk problem, og det meiner eg framleis. Vi løyser likevel ikkje det problemet ved å sende eit brev til Jens Stoltenberg og fortelje at Noreg melder seg ut åleine. Det eg har sakna i SV, er debatten om korleis det er mogleg å kome seg ut. Nato er stort sett til skade, men korleis kjem vi oss ut utan å skape ustabilitet i nordområda?

– Er dette eit brot med den tradisjonen som SV har stått i sidan stiftinga?

– Nei, slettes ikkje. Kjernen i SV har ikkje vore utmelding, men eit alternativ til Nato. Det som no ligg frå fleirtalet, er heilt i tråd med det eg var med å stifte i 1961. Kampen mot atomvåpenet har heile tida vore det viktigaste, og eit alternativ til Nato har vore kjernen, seier Ørnhøi. […]

SV-nestoren trur også at Nato vil ta ei anna rolle og ein annan strategi når krigen i Ukraina etter kvart går over.

– Eg trur at det politiske miljøet i Tyskland føler at det har vore amerikanarane sin aggressive haldning i Aust-Europa som har vore med på å provosere fram ei konflikt som vi kanskje kunne unngått i Ukraina. Eg sa altså ikkje no at det er nokon andre enn Vladimir Putin som har ansvaret, men du må ha vore veldig lite interessert i ting viss du ikkje har merka at det finst nyansar mellom Donald Trump og Angela Merkel i synet på Nato i aust, seier han. Läs artikel