Trur Ryssland kan invadere, klassekampen.no

Amerikansk etterretning meiner Russland har planar om å invadere Ukraina i morgon. Vi må ta situasjonen på alvor, seier Jonas Gahr Støre.

I går melde fleire amerikanske medium at amerikanarar sit på etterretning som tilseier at Russland vurderer å invadere Ukraina i morgon, onsdag 16. februar. Russland har avvist desse påstandane og meiner det vitnar om vestleg hysteri.[…]

Oberstløytnant og forskingsleiar ved Forsvarets stabsskole Tormod Heier trur ikkje Russland kjem til å invadere Ukraina. Han trur Russland snakkar sant når dei seier at dei ikkje har planar om ein invasjon.

– Eg kan sjølvsagt ta feil, men eg trur kostnadane ved ein invasjon vil vere mykje større for Putin enn det han tener på det, så eg ikkje trur det kjem til å skje, seier Heier.

Han trur ikkje etterretningsinformasjon om russisk mobilisering treng å bety at det faktisk kjem ein invasjon.

– Eg trur Putin no har EU og USA der han ønskjer. No har han dette pressmiddelet, og då må faren for invasjon stå fram som truverdig, seier Heier og hald fram:

– Eg trur likevel ikkje det er i Putins interesse å ta det vidare.

Kvifor ikkje?

– Då vil heile situasjonen gå inn i eit heilt nytt diplomatisk spor der Russland ikkje lenger har overtaket, men tvert om vil bli den underlegne parten. Sanksjonane som vil kome frå Vesten, vil råke Putin sitt ønske om å betre levekåra til den russiske befolkninga. Läs artikel