Nordiske forsvarssjefar: – Vil gå veldig langt i å integrere forsvara, mre.no

Forsvarsleiinga frå Noreg, Sverige, Danmark og Finland var fredag samla på Akershus festning i Oslo. Der meisla dei ut ein plan for korleis eit fellesnordisk Nato-forsvar kan sjå ut når Sverige og Finland mest sannsynleg har vorte medlemmer.

– Vi har snakka heilt konkret om det nordiske forsvarskonseptet, kva det betyr at Sverige og Finland skaper djupn i forsvaret av Noreg og Danmark, og kva det betyr for oss at vi skal bidra til å forsvare Sverige og Finland, seier forsvarssjef Eirik Kristoffersen til NTB.

Han seier at dei har vorte samde om eit felles råd som skal givast til politisk leiing i landa.

– Det går både på korleis vi skal integrere forsvaret betre, korleis vi skal jobbe saman i totalforsvaret og kva moglegheiter ein svensk og finsk Nato-medlemskap skal gi. Vi meiner at vi skal bli så integrerte som det går an å bli. Det er berre moglegheiter og ein vinn-vinn situasjon. Vi tilrår å gå veldig langt i å integrere Norden som eit forsvar i Nato, seier Kristoffersen.

– Betyr det at det kan gå mot eit fellesnordisk forsvar?

– Kvar nasjon skal kunne oppfylle artikkel 3, så kvar nasjon skal ha eit visst forsvar sjølv. Men vi har også sett på at når vi skal gi råd til Nato om kva vi kan bidra med i Nato, så skal vi gi råd saman, seier Kristoffersen. Läs artikel