USA pumpar 2 milliardar inn i Rygge – byggestart i mai, nrk.no

Amerikanarane tar rekninga på rundt 2 milliardar kroner.

Målet er å gjere Rygge flystasjon i stand til å støtte store og komplekse luftoperasjonar på kort varsel.

Arbeidet startar etter planen i mai, ifølge Luftforsvaret.

Det er eit omfattande arbeid amerikanarane skal utføre på Rygge:

  • Bygge fire hangarar for kampfly.
  • Bygge fleire lagerhallar, blant anna til ammunisjon.
  • Etablere innkvartering og støttefunksjonar for luftoperativt personell.
  • Amerikanarane skal oppgradere sikringsgjerdet rundt basen.
  • Ein grusveg skal etablerast rundt basen for sikkerheitspatruljering. […]

Raudt-politikar Remi Sølvberg frå Moss liker planane for Rygge dårleg.

– Når USA bygger militær infrastruktur på norsk jord, så handlar det ikkje om norsk sikkerheit, men meir om amerikansk maktpolitikk.

Han fryktar utbygginga gjer Rygge til eit bombemål, og meiner risikoen for lokalbefolkninga er for høg.

– Eg tenker at vi lenge har sett eit USA vi ikkje kan stole på. Og det at nokre norske byggefirma skal få kontraktar på Rygge, det kan aldri vege opp risikoen dette påfører lokalbefolkninga der ute på Rygge.

Stortingsrepresentant Tage Pettersen (H) avfeiar kritikken.

Han meiner utviklinga i verda gjer oss avhengige av USA, uavhengig av kven som sit i Det kvite hus.

– Dette er jo ei investering som er viktig i mange tiår framover, og langt utover ein presidentperiode og ein president i USA. Så eg er like positiv til dette i dag, seier Pettersen. Läs artikel