[…] Ei av tilrådingane i The Battle of Norway er at Heimevernet blir utrusta med dronar og droneforsvar, for å lage eit landsdekkande droneskjold. Oberstløytnant Smidt er einig i også den analysen.
– Den einaste moglegheita for å få nok droneforsvar og dronekapasitet til det ganske land, det er gjennom Heimevernet. Men, det krev ei enorm utvikling av trening og utdanning. Det vil krevje eit fullstendig dogmeskifte, seier forskaren.[…]
Rapporten skriv at Noreg i dag har ein brigade som skal vere fult utrusta i 2030 og to nye som skal vere klare innan 2036. Tankesmia skriv at Noreg er avhengige av hjelp frå både Finland, Sverige og andre Nato-land om Russland skulle starte bakkeinvasjon av Noreg. Dei norske brigadane er planlagt å ha rundt 4500 personell.
Smidt seier at om det skulle kome ein bakkeinvasjon, vil dei norske brigadane halde i maks fjorten dagar slik dei er rusta i dag.
– Skal vi kunne slost i meir enn to veker med tre brigadar, må vi multiplisere både personell og materiell med to til tre gongar det vi har dag, seier han og fortset.
– Det er enkel matematikk. Om ein brigade skal slost, må du vente mellom 100 og 150 personelltap i døgnet. 80 prosent av tapa skjer i infanteri og panseravdelingar. Mistar du 100 i døgnet kan du i beste fall slost i to veker før desse avdelingane er komplett nedkjempa. Det må ei tredobling til skal vi ha lenger utholdenheit enn to veker, seier oberstløytnant Smidt. Läs artikel