Norske diplomat-veteranar trur ikkje på storkrig, vl.no

Vårt Land har snakka med to erfarne norske diplomatar som ikkje ser for seg ein omfattande krig i Ukraina. Leidulv Namtvedt var Noregs ambassadør i Moskva frå 2013 til 2018. Han er no pensjonert og uttalar seg ut frå innsikta han har om russiske forhold.

– Eg ser ikkje for meg ein russisk omfattande krig eller okkupasjon av Ukraina. Kostnadane vil bli for store, både i form av sanksjonar og likposar tilbake til provinsen i Russland.

Leidulv Namtvedt viser til den russiske invasjonen av Krim i 2014.

– Vanlegvis får falne soldatar store seremoniar, men dei russiske soldatane som døydde på Krim, vart gravlagt i det stille. Falne soldatar er ikkje populært i Russland no.

Det synet deler eks-ambassadør Øyvind Nordsletten:

– Eg trur ikkje det er sannsynleg med eit breitt russisk angrep på Ukraina.

Nordsletten kjenner Russland og Ukraina godt som tidlegare ambassadør i Moskva (2000-2008), Kiev (1992-1996) og generalkonsul i Murmansk (2011-2013).

Spenninga i Ukraina er knytt til russisk frykt for at landet skal bli medlem av Nato.

– Nato tek ikkje opp nye medlemmer som er i konflikt. Det er med å forklara det Russland gjorde i 2014, seier Leidulv Namtvedt. Läs artikel