– I den nye tryggleiksstrategien skildrar Trump-regimet Europa som på veg mot «sivilisatorisk utsletting» og antydar at USA ikkje nødvendigvis vil kome oss til hjelp militært. Har vi gjort ein strategisk tabbe ved å gjere tryggleiken vår så avhengig av USA?
– Vi i Europa har over tid vore for dårlege til å ta innover oss at USA allereie under Obama for 15 år sidan byrja å vende merksemda vekk frå oss i retning Asia. Det er fordi atlanterhavsområdet er mindre viktig for dei. Interessa deira for Europa har gått nedover. Og det amerikanske folket vender seg meir innover. Europa må gjere det både Kina og USA gjer: redusere geopolitisk og økonomisk sårbarheit, og auke eigne geopolitiske styrkar. Läs artikel