Arva frå Linge og Milorg, forsvaretsforum.no

Asgeir Ueland

Frøet til Heimevernet vart sådd i London ein dag i slutten av mars 1942, då verdas framtid ennå såg dyster ut. Dette var før Stalingrad og El-Alamein, dei to vendepunkta i Den andre verdskrigen.

Jamvel om det den gong berre var eit namn på eit papir, vitnar teksten levert av eit utval om ei viss framtidsoptimisme. Utvalet vart leia av kommandørkaptein Gunnar Hovdenak i Forsvarsdepartementet i London. Heimevernet dukkar med andre ord opp i norsk soge frå handa til ein marineoffiser.

Som med all militær planlegging var det ikkje sikkert at ideen ville flyta. Særskild ikkje så tidleg som i mars 1942. Inspirasjonen var utvilsamt henta frå syn rundt på dei britiske øyer, der det lokale Home Guard farta rundt i byar, landsbyar og marker i jakt på tyske fallskjermjegerar, femtekolonnistar og invasjonsfaren som hang over øyriket dei fyrste krigsåra. Läs arikel